Kom i min famn

Bli med meg til Flatön på Taube-festival! lokka han entusiastisk berre nokre månader etter at vi hadde funne tonen i lag.

Skrevet av Liv Kreken

Eg visste at han likte den svenske nasjonalskalden godt, medan eg var nyforelska og lykkeleg og tenkte at den svenske sommarkysten høyrdest forlokkande ut. Vi sette oss i bilen og let Evert sjølv syte for lydsporet til vår fyrste ferie i lag. Taube vart spela frå scena, på buskspel og overalt me gjekk i heile tre dagar til ende. Då min utkåra på veg heim sette på nye CDar han hadde investert i på Flatön, rant det til slutt over for meg. Då vi kom til grensa, tok eg resolutt kontrollen og skrudde fortvila over på Norsk rikskringkasting.

Vi slutta likevel ikkje å reise på visetreff i lag, og på eit helgekurs på Nordiska folkhögskolan i Kungälv vart vi kjende med folk frå heile Norden. Vi reiste til Frederikssund i telt, budde på vandrarheim i Skagen, tok kanalbåt i Telemark og stod på scena på visefestival i Hangö. Ein gong drog vi med oss ein fem månader gamal unge på turné til Finland. Det er jo ingen som synger viser lengre! – sa jordmora som tok imot guten, men vi protesterte og tok like godt jordmora med oss på visetreff til Säröhus i Kungsbacka.

For visst både syng og skriv folk viser framleis. Kanskje dei ikkje kallar det viser, og kanskje det er annleis arrangert og i anna språkdrakt enn på 1990-talet, på 1940-talet eller på 1800-talet. Du høyrer viser kvar dag du slår på radioen eller lyttar til hitlister på Spotify. Enkle, poetiske, musikalske små verk som kan innehalde alt frå jublande kjærleik og hyllest til alt frå ein vakker sommardag til beinhard politikk og djupt indre mørke. Det kan godt vere ei vise, sjølv om den ikkje vert kalla det.

Du må forresten aldri finne på å tru på ein innbarka viseentusiast som påstår hen har den einaste sanne definisjonen av ei vise, for uansett kvar vi set våre verseføter går diskusjonen om kva ei vise er framleis heftig over både sjanger- og landegrenser. Dersom du likevel søker eit svar synes eg definisjonen til mangeårig leiar for Svenskt visearkiv, Bengt R. Jonsson, er av dei bedre; En strofisk dikt med strofisk melodi, såväl litterärt som musikalisk oftast präglad av en viss enkelhet i stilen. Fint og rundt og inkluderande. Akkurat som dei aller fleste nordiske visetreffa eg har vore på sidan det fyrste treffet på Flatön. Den gongen var eg ferdig med Taube ein gong for alle, trudde eg. Det vart ikkje slik. Til tross for nordisk inspirasjon og fornying av visa hender det framleis at mannen min (ja, vi er gift no) tek fram den svenske lutten og stemmer i ei vise av Taube. Eg har lært meg å leve med det. Eg forstod at eg aldri kom unna den sommardagen vi kryssa grensa etter å ha vært på Flatön. Melodien som strøymde ut frå høgtalaren då eg fortvila skrudde over på norsk radio var Kom i min famn av Evert Taube.

Liv kreken

Liv Kreken arbeidar som forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket i Oslo der ho forvaltar og forskar på norsk vise- og songtradisjon. Ho har gitt ut fleire album medeigne viser, og da albumet Dim Sum kom ut på Kirkelig Kulturverksted i 2013, hadde ho slippkonserter i Oslo, København, Helsingfors og Stockholm. Liv Kreken driv også aktivt med styrkeløft og deltok tidligare i år i NM for veteranar.

Relaterte artikler

No items found.
Nyhetsarkiv