Tek alvar på alvor

Finst det alvar på Island? Nei, vil dei fleste meina, men mange islendingar hevdar hardnakka det motsette; at alvar finst – i fjell og knausar over store deler av landet.

Tekst: Ottar Fyllingsnes

Bilde: Laget med KI

Første gongen eg vitja Island var i år 2000. Den gongen var det for å skriva om islandsk litteratur, men eg møtte ingen som snakka om alvar. For nokre år sidan byrja eg å grava dju- pare, og då dukka trua på alvane opp.

Eg oppdaga at det finst ein alveskule, Álfaskolinn, i Reykjavik, og han heldt ikkje til mellom knausar og fjell, men i eit heilt vanleg, keisamt næringsbygg litt utanfor sentrum av hovudstaden. Der gjekk eg inn, og utanfor ei dør stod ein liten figur som likna på ein norsk julenisse. På kontoret bak døra møtte eg rek- toren på alveskulen, Magnús Skarphéðinsson. Han er både historikar og buldrande, god historieforteljar med sans for humor. Store de- ler av sitt vaksne liv har han brukt på å samla historier om alvar og huldrefolk og hevdar å ha meir enn tusen. No serverer han panneka- ker med krem og fortel merkelege historier om alvar og «hidden people» til dei som vil høyra på.

Som gymnasiast var han med på grunn- legginga av The Paranormal Foundation of Iceland. Ønsket var å forska på det paran- ormale, på livet etter døden, ut-av-kroppen- opplevingar, alvar, underjordiske, romvesen, spøkjelse og andre overnaturlege fenomen. Han hevdar at 50 prosent av islendingane trur på alvar, men ei nyare undersøking synte at 30 prosent er truande. Det kan synast å vera svært mange, og eg får det ikkje heilt til å stem- ma med dei jordnære islendingane eg har møtt på mine reiser til sagaøya.

Men på filmfestivalen i Reykjavik får eg med meg den amerikanske dokumentarfilmen «The Seer and Unseen». Der er Ragnhilður «Ragga» Jónsdóttir hovudperson, og ho er god ven med alvane. Blant anna handlar filmen om pro- testane og demonstrasjonane mot bygging av
ein fin og brei veg utover mot Bessastaðir og presidentbustaden. Demonstrantar set seg ned i traseen, og politiet ber dei bort. Eitt viktig argument mot vegbygginga er at midt i trasé- en ligg det ei alvekyrkje – ein stor stein. I den heldt alvane til, hevdar demonstrantane, som må tola store bøter, før dei vender tilbake for å forsvara alvane i lavamarka. Nyhendet om de- monstrantane og bestemora som kjempar for alvekyrkja går verda rundt, og den unge, ame- rikanske filmskaparen Sara Dosa, får det med seg og satsar på å laga film om protestantane og den islandske trua på alvane.

I filmen vert Ragnhilður også med til ein stad der ein mann har bygd ein overnattingsstad for turistar. Han har planar om å utvida og vil at Ragnhilður skal fortelja kva alvane meiner om utbygginga. Ho får kontakt med alvane og konstaterer at dei aksepterer byggjeplanane, og utbyggjaren smiler breitt over aksepten. For han er det viktigare å få godkjenning frå alva- ne enn frå bygningsrådet.

Nokre dagar etter å ha sett filmen, møter eg «Ragga» på ein idyllisk stad på sørsida av Hvalfjörður nordanfor Reykjavik. I filmen minner ho mest om ei alvorleg, engasjert be- stemor, men i idyllen ved fjorden er ho eit stort ungdommeleg smil og ein glad latter. Opp gjennom åra har folk spurd kva ho røykjer, kva piller ho tek eller folk har rett og slett hevda at ho burde vore innlagd.

Men det ler ho av.

På Ragnhilðurs visittkort er det eit lite må- leri av ein merkeleg skapning, ein liten olding utan hår, men med store øyro og eit digert smil.

– Det er alven Froði. Eg møtte han for om lag ti år sidan. Han er ein venleg fyr på 900 år, og han held til i ein stein bak huset her, seier Ragnhilður – smilande.

Relaterte artikler

No items found.
Nyhetsarkiv